Countryfestivalen i Breim skaper millionverdiar

Hovudartist Emmylou Harris trekte mykje folk under countrytreffet i Breim i sommar.   Foto: Runar Sandnes/ Norsk Country Treff

Nyhende

Takka vere utrøytteleg dugnadsarbeid med å arrangere Norsk Countrytreff i Breim år etter år, kan bygda gle seg over millionverdiar.

 – Countryfestivalen i Breim er eitt av fleire eksempel på korleis store dugnadsarrangement kan skape store verdiar i ein region, seier styreleiar og artistansvarleg for Norsk countrytreff, Nils R. Sandal, til Nationen.

Den tidlegare fylkesordføraren og ordføraren var sjølv med å grunnleggje countryfestivalen for 25 år sidan. Sidan den gongen meiner han festivalen har tilført rundt 13 millionar kroner til lag og organisasjonar i bygda.

– Utan desse pengane hadde vi aldri kunne byggje kunstgrasbane på Reed eller drifta skitrekk på Utvikfjellet, seier han. Sidan starten har countrytreffet i Breim trekt til seg stadig fleire publikummarar. Med rundt 17.000 besøkjande kvart år er festivalen no ifylgje Nationen eitt av dei største kulturarrangementa i sin sjanger på både på Vestlandet og i Norge.

I tillegg til å skape store økonomiske verdiar, blir det peikt på at det store dugnadsarbeidet med å arrangere festivalen også gjev mange andre positive ringverknader som trivsel, bulyst og fellesskap. (NPK)