Olden Games i friidrett

Kast: Kule er ei av øvingane i Olden Games.   Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

Laurdag er det klart for Olden Games på det nye friidrettsanlegget.

– Så langt har vi berre hatt lagsstemne og lagsmeisterskap på anlegget. Dette er første stemnet der vi har invitert andre lag til å delta, seier Hans-Petter Galtung i friidrettsgruppa.

– Vi nyttar elektronisk tidtaking og har vindmålar på plass, seier Galtung vidare.

Onsdag vart det gjennomført ein dugnad på anlegget slik at alt skal vere klart til stemnet.

Det blir kast- og løpsøvingar frå seksårsalder og oppover, melder arrangøren.