Mykje musikk og humor i haustprogrammet

Musikalsk moro, humorframsyning, teater og ei rekkje lokale aktørar har fått plass i haustprogrammet i kulturhuset.

Framsyninga VI TO (er ikke Romeo & Julius) med veteranane Jan Eggum og Halvdan Sivertsen kjem innom kulturhuset tysdag 15. oktober. Foto: Paal Audestad  Foto: Paal Audestad

Nyhende

– Haustprogrammet vårt i år startar sterkt med Gisle Børge Styve og Heine Totland med konserten «Musikk Folkens!» Sist Styve var på besøk med oss leverte han ein kjempekonsert der han hadde mykje moro med publikum. Når han no kjem tilbake med Heine Totland laurdag 14. september, er det berre å glede seg, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.