Delte ut prikkar til to utestadar i Stryn

Helse- og sosialutvalet i Stryn handsama onsdag fleire brot på alkohollova, og vedtok tildeling av prikkar til to utestadar i Stryn sentrum.

Samrøystes: Utvalet var samstemte i dei tre sakene som gjaldt brot på alkohollova. F.v. Solveig Heggdal (KrF), Astrid Hoffart (V), Nils Jørgen Omberg (H), utvalsleiar Aud Løvlid (H), kommunalsjef Heidi Vederhus og Rune Myklebust (Sp). Jan Træen (Ap) og Alf Edvard Roset (Sp) var óg til stades.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

To av sakene gjaldt Stryn kaffibar og vertshus. I samband med skjenkekontroll utført av Securitas 23. juni vart det avdekka to brot på alkohollova denne kvelden. Det eine gjaldt brot på alkoholforskrifta §4.2. Skjenking av alkohol til personar som tydeleg er påverka. Det andre var brot på alkoholforskrifta §4.1., at verksemda ikkje sørger for at personar som er tydeleg rusa forlet serveringsstaden.