Strynejenta Lone Vik og Volda slo Larvik

Lone Vik frå Stryn og Volda handball vann borte mot Larvik i serieopninga.   Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

1. divisjonslaget til Volda Handball, med strynejenta Lone Vik på laget, imponerte i sesongopninga borte mot Larvik i helga.

Volda vann det jamne oppgjeret med 24-22, etter å ha leia 14–13 til pause. Lone Vik noterte seg for to mål frå sin strekposisjon.

Dermed fekk Volda, som vart nummer fire sist sesong, ein flying start på denne sesongen.