Kleiva Opp for 28. gong

Start ved Hoplandskaia på Kleiva opp, bakkeløp med stigning 600 m. 

Nyhende

Søndag er det klart for ein klassikar innan motbakkeløp her til lands når Kleiva Opp går av stabelen.

Det er 28. gong løpet, som er av dei eldste i sitt slag, blir arrangert. Første gong løpet vart arrangert var i 1991. Løpet går frå kaia på Hopland til toppen av Nosa-kleiva, 600 meter over havet.

Deltakarane kan velje om dei vil ta beina fatt eller sykle den vel sju kilometer lange løypa.