Ønskjer kontor i Stryn

Sokneprest Hege Høiby.  Foto: Roger Oldeide (arkiv)

Nyhende

Prost Rolf Schanke Eikum  ønskjer at sokneprest Hege Høiby får kontor i Stryn.

– I samband med at Hornindal vert lagt til nye Volda og Møre, vert sokneprest Hege Høiby utan sokneprestkontor i Smia i Hornindal. Ho vert framleis sokneprest i Nordsida og Randabygd sokn og prostiprest i Nordfjord. Eg ber difor om at det vert sett av sokneprestkontor for denne stillinga i Stryn samlokalisert med dei andre prestane i Stryn frå 1. januar 2020, skriv prost Rolf Schanke Eikum i eit brev til Stryn kommune.