Folk i Olden får flytte tilbake

Mange stader ligg det att lausmassar etter flaumen natt til måndag, men Anders Muldsvor i NVE konstaterer etter synfaring måndag morgon at Olden slapp unna dramatiske skader.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Olden slapp langt på veg unna med skrekken i form av flaum og evakuering.  Geolog Anders Muldsvor i NVE er på plass i Olden måndag morgon, og er i ferd med å sjå over dei flaumutsette stadene saman med blant andre politioverbetjent Vidar Stavik.

Anders Muldsvor i NVE og politioverbetjent Vidar Stavik ser over brukar og stikkrenner i Olden.  Foto: Roy Aron Myklebust

 

Etter å ha sjekka brukar og bustadområde, er området no klarert for at folk kan flytte tilbake, men førebels med atterhald for Alda camping. Fv 60 gjennom Olden er og opna for fri ferdsel.