Erikke er med i bistandsprosjekt:

Samlar inn pengar til utdanning for jenter

21. september skal Erikke Lunde og medelevane hennar ha bistandsløp. Målet er å skaffe pengar til eit bistandsprosjekt for utdanning til afrikanske jenter.

Bistandsprosjekt: Erikke Lunde er elev ved Nordhordland Folkehøgskule og deltek i bistandsprosjektet for å samle inn pengar for å gje afrikanske jenter høve til utdanning. 

Nyhende

Erikke (21) er elev ved Nordhordland Folkehøgskule, der ho går på danselinje. Ho har alltid vore glad i å danse og å reise, og no nyttar ho eit år til å få gjere nettopp dette.

– På denne skulen fekk eg mogelegheit til begge deler, seier ho. Det vert både fellestur til Israel og klassetur til New York, Los Angeles, Hawaii og Tokyo.

Elles er skuletida fylt med mange ulike aktivitetar, og elevane kan sjølve også starte opp aktivitetar dei kan halde på med gjennom året.

Strømmestiftelsen sitt prosjekt

No er det mykje fokus på «Sjef i eget liv»-prosjektet. Laurdag 21. september skal elevane springe bistandsløp. Inntekt går til prosjektet «Sjef i eget liv», der elevane gjennom Strømmestiftelsen hjelper unge til sjølvstendigheit og eiga inntekt, fortel Erikke.

– Korleis kan de hjelpe andre ved å springe?

– Det er 500-metersrundar som skal springast, joggast eller gåast, og så skal du ta så mange rundar du greier i løpet av ein time. På førehand skal vi ha fått folk med til å støtte oss, enten med eit fast beløp eller med eit beløp pr. runde. Alt hjelper, seier Erikke.

Pengane som kjem inn går til Strømmestiftelsen sitt prosjekt i Bonga i Aust-Afrika.

Livsnødvendig kunnskap

Her har Strømmestiftelsen eit 9-månadars program som

gir utdanning og mogelegheiter

til jenter frå 13 til 18 år som manglar utdanning på grunn av fattigdom, tidleg ekteskap eller tidleg graviditet, opplyser Strømmestiftelsen om prosjektet.

Gjennom programmet lærer jentene å lese og skrive, dei får livsnødvendig kunnskap om mellom anna ernæring, hygiene, menneskehandel, HIV/Aids, prostitusjon og barneekteskap. Dei får også kunnskap om problemløysing, kommunikasjon og stressmeistring, og yrkesopplæring som kan gje mogelegheiter til eiga inntekt, som frisør, kokk- og skreddarfag.

Pengane som blir samla inn går til opplæring og løn til gruppeleiarar, materiell til undervisninga, yrkesopplæring for deltakarane og oppfølging i etterkant av programmet.