Tett som hagl i 3. divisjon for damer

I toppen: Stryn kjempar heilt i toppen av 3. divisjon. F.v. Hedda Vatn Øvreberg, Marie Rekdal Johannsdottir, Andrine Lødemel Bøe, Olivia Vollsnes Wemby og Kaisa Vollsnes Wemby.  

Nyhende

Førde og Studentspretten har 25 poeng, Stryn og Sandane har 24 poeng. Det spissar seg med andre ord til i toppen av 3. divisjon fotball for damer.

Fredag møter Stryn botnlaget Selje/Åheim på eige kunstgras. På papiret ei overkomeleg oppgåve, men i førre runde tok Selje/Åheim sesongens første siger, og det mot Sandane.

Trenar for Stryn, Johann Sigurdsson, tek på ingen måte lett på oppgåva, og han melder om at laget skal vere klart til kamp.

– Alle er klare. Vi må passe oss for Selje/Åheim som slo Sandane sist. Det blir spennande å sjå om vi klarar å prestere opp mot vårt beste, seier Sigurdsson.

Og Stryn sleit i bortemøtet mot Selje/Åheim i vårsesongen. Ikkje før fem minutt før slutt kom målet som gav ein knapp 1–0 siger.

Mykje er opp til Stryn sjølve i sesonginnspurten, der kampar mot Studentspretten på bortebane i neste runde og heime mot Førde i siste serierunde fort kan bli heilt avgjerande for sluttposisjonen.