Frå sportsarkivet:

Spydspissen frå Bruagrenda

Mathias Lilleheim (60) er av den sjeldne sorten stryning som kan skilte med NM-medalje i friidrett senior.

Glansdagane: Mathias Lilleheim fotografert av lokalavisa kring 1980. Det var då han verkeleg byrja å få opp lengdene med spydet at skadane melde seg for fullt og gjorde at han meir eller mindre la opp som 21- åring. Lilleheim skulle derimot få ei flott trenarkarriere kort tid etter. 

Nyhende

– Det handla om elva nedanfor huset, som var passe brei til å kaste stein over. Morfar budde rett på andre sida, og han hadde ei sjøbod og der var det glas. Første gong eg klarte å knuse eit glas i den kom han over i bilen sin. Eg forventa ei skikkeleg skjennepreike, men så fekk eg sjokolade i staden. Han tykte det var så svært at eg klarte å kaste over elva. Eg var ikkje gamle karen, humrar Lilleheim.