Fotokonkurranse på Strynemessa

Ta eit tivolibilde og ver med i trekninga av gratis tivolibillettar og inngangsbillettar til Strynemessa.

#tivolibilde19: Bli med på Strynemessa, Fjordingen og Hugos Tivoli sin fotokonkurranse på Instagram. Det blir trekking av premiar til seks av alle som merkar bildet med #tivolibilde19 på Instagram, fortel Mina Flo Håvik, som gjennomfører konkurransen på oppdrag frå Fjordingen. 

Nyhende

Born og unge kan delta i bildekonkurransen på Instagram, som er eit nytt samarbeid mellom Strynemessa, Fjordingen og Hugos Tivoli.

Ein kan merke eit bilde med #tivolibilde19 på Instagram-kontoen strynemessa.fjordingen innan laurdag 5. oktober på føremiddag. Laurdag ettermiddag blir det trekning frå den store scena i Strynehallen. Seks heldige deltakarar vil få premiar som gratis billettar til tivoli eller gratis inngang på Strynemessa søndag.

- Kvifor bør folk bli med på dette?

– Det er kjekt å ta fine bilde og sjå kva andre legg ut på Instagram. Dessutan er det fin reklame for Stryn og Strynemessa. Det er også fine premiar som blir trekt ut, seier Mina Flo Håvik, som gjennomfører konkurransen på vegner av avisa Fjordingen.