Nytt og gammalt med Eggum og Sivertsen

Tysdag 15. oktober står Jan Eggum og Halvdan Sivertsen saman på scena i Stryn kulturhus.

Radarpar: VI TO ( er ikke Romeo & Julius), med veteranane Jan Eggum og Halvdan Sivertsen, kjem til kulturhuset i Stryn tysdag 15. oktober.   Foto: Paal Audestad

Nyhende

Sist gong dei to erfarne artistane reiste på turné, var det med stor suksess og fullsette salar over heile landet. No har altså dei to gitarkameratane funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar.

Med kjente og ukjente gullfunn i kvarandre si skattekiste, med varme og store dosar humor, byr dei to på sine heilt spesielle skråblikk på verda og på kvarandre - med eit årelangt vennskap i botnen.

Igjen skal desse to folkekjære, men veldig ulike artistane, vise oss kvifor songane deira passar så godt saman, og kvifor både songane og songarane er elska av ein heil nasjon. Dei skal vise oss korleis ein, med berre to stemmer og to gitarar, kan fylle eit konsertlokale med intens tilstadeverelse, trøkk, rungande latter og mjuke, magiske augeblikk.

Duo-formatet er nakent og krevjande, men Jan Eggum og Halvdan Sivertsen oppnår på denne måten nærheit både til songane og til publikum, heiter det i presseomtalen.

Eggum & Sivertsen stortrivst i kvarandre sitt selskap, og tysdag kveld får publikum i indre Nordfjord sjansen til å trivast saman med dei i kullturhuset.