Vest styrer mot samla omsetjing på over 50 mill. i 2019:

Stor tru på solcellepanel på buss og storbil

Selskapa Vest Service og Vest Agentur i Stryn styrer mot ei samla omsetjing på over 50 millionar kroner i år. Sal og montering av solcellepanel på taket av bussar og andre store køyretøy er eitt av mange satsingsområde.

Vest: Dagleg leiar Odd Gunnar Tunold (t.v.) og styreleiar Per Dag Nedreberg med fleksibelt solcellepanel til montering på taket på bussar, lastebilar, bubilar og campingvogner.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Det skjer mykje på kort tid innan både buss og storbil, seier dagleg leiar Odd Gunnar Tunold og styreleiar Per Dag Nedreberg. – Noko av det mest spennande og med stort potensial, er fleksible solcellepanel på taket av bussar. Desse kan og monterast på taket av lastebilar, bubilar og campingvogner. Førre månad leverte og monterte vi solcellepanel til åtte Vy-bussar. Det var dei første. Vi jobbar no med fleire anbod der solcellepanel vert vurdert på fleire av bussane, forklarer Tunold og Nedreberg.