Heimevernet:

- Den største militærøvinga på mange år

Stor militærøving med over tusen soldatar i sving kan påverke trafikken i området, varslar Heimevernet

Varslar om storøving Heimevernet varslar at øvinga kan påvirke trafikken med saktegåande militære køyretøy og bed publikum om tålmod og varsomheit  Foto: Heimevernet

Nyhende

I perioden 21. - 27. oktober skal Heimevernet gjennomføre ein større øvelse i området nord for Sognefjorden. I ei pressemelding varslar heimevernet om øvingsaktivitet og militær trafikk langs vegane frå Sogndal i aust til Førde og Florø i vest.

Nordfjordeid, Grodås, Stryn og Måløy vil og bli nytta til trening i det som Heimevernet omtalar som den største militærøvinga på mange år.

- Hensikta med øvinga er at områda skal vere beredskapsklare, samt å auke ferdigheitene for å løyse oppdrag i heile krisespekteret. Dette er ein viktig øving for oss, seier distriktssjef John Arvid Svindland.

- Vi skal trene på vår evne til hurtig oppsetting og beredskap i den sørlegaste delen av Møre og Fjordane Heimevernsdistrikt. I tillegg skal vi vise mobilitet og reaksjonsevne hjå innsatsstyrken, seier han.

Av pressemeldinga går det fram at øvinga vil kunne påverke trafikken i området.

- Militære kolonnar og personell kan operere i vegbana og det vil vere uniformert og væpna personell som nyttar øvingsammunisjon og lyssignal i enkelte delar av øvingsområdet, heiter det i pressemeldinga.

- Avdelingane vil opptre profesjonelt og vil forsøke å gjennomføre treninga så skånsamt som mogleg, men vi bed likevel lokalbefolkninga om å vise tolmod og varsomheit, spesielt i trafikken, seier Svindland.

Han seier at det kan oppstå kø grunna saktegåande militære køyretøy. 

- Då må ein vise forsiktigheit. Ta kontakt med øvingsleiinga om innbyggjarane ønskjer å melde ifrå om uønska hendingar, avslutter Svindland.

Det leggast til at innsatsstyrken går under namnet "Archery", etter namnet på operasjonen på Måløy i 1941, der Kaptein Martin Linge tok del og falt.