Humor, varme og alvor frå to gitarkameratar

Duoen Jan Eggum og Halvdan Sivertsen baud på halvannan time med topp underhaldning. Her var det funne plass til både humor, varme og alvor.

Leikande : Jan Eggum og Halvdan Sivertsen nærmar seg 70 år og har vore aktive musikarar i kring 50 av desse. Dei osar framleis av energi når dei er på scena. Tysdag kunne ein halvfull kulturhussal i Stryn kose seg med deira herlege samspel og gode replikkar. 

Nyhende

Dei to artistane dreg seg mot 70 år men er framleis leikne i både stil og innhald. Det er freistande å kalle det meir eit show enn ein konsert, sidan dei tok seg god tid til å prate mellom låtane. Og bra var det. Her var det stand-up materiale til å danke ut mang ein etablert komikar. Fornøyelege betraktningar, vitsing og haugevis av sjølvironi. Litt stikk til kvarandre var det også lurt inn.