Thingnes Bø slapp med skrekken etter fall

Skade: Johannes Thingnes Bø har fått ein skade i låret.  Foto: Svein Halvor Moe (arkiv)

Nyhende

Johannes Thingnes Bø fall stygt på ein treningstur i området rundt VM-byen Anterselva tysdag. No går han glipp av verdifull trening. Det var mot slutten av ein fjelltur at stryningen fall.

– Eg flaug som ein supermann gjennom lufta, før låret small i ein stein. Først handla det om å overleve fallet, så kjende eg etter om det var skadar på til dømes hendene. Det var det heldigvis ikkje, for det hadde vore alvorleg med tanke på sesongen, seier Johannes Thingnes Bø til NRK.

Thingnes Bø trenar no berre styrke og skyting, og programmet for samlinga er endra for Thingnes Bø, som vann verdscupen i suveren stil sist sesong.

Fair play-pris

Johannes Thingnes Bø har også fått ein Fair play-pris. Tysdag fekk han overrekt «The European Fair Play Movement Special Award for 2019». Det var i etterkant av eit verdscuprenn i Soldier Hollow i februar at Thingnes Bø fortalde det internasjonale skiskyttarforbundet at han hadde gått sisterunden med eit skot i magasinet, noko som er mot reglane. For denne ærlegheita har altså stryningen fått ein Fair play-pris. – Prisen betyr mykje for meg, skriv stryningen på si Facebookside.