Dagens leiarartikkel

Skjerpa krav til vinterdekk

I oktober i fjor mista to vogntogsjåførar på veg ned Strynefjellet kontrollen på det glatte føret. Begge var utstyrte med dårlege dekk. Det var berre flaks at det ikkje kom bilar i mot.  Foto: privat

Klare reglar og reaksjonar er det einaste som kan stoppe dei som spekulerer i å omgå regelverket

Nyhende

Regjeringa innfører strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy. Krava går ut på at det berre er dekk merka med «alpesymbol» som er godkjente på drivande og styrande akslar på tunge køyretøy. Dette er ei innskjerp-ing i høve dagens regelverk som seier at dekk skal vere merka med «Mud and snow». Endringa skjer med verknad frå 15. november 2020.