Har utbetra Bjørneløypa:

– Treng ikkje lenger halvannan meter snø

Arvid Hatledal i Turløyper Stryn har brukt sommaren til å gjere tilbodet enno litt betre for dei skiglade. No treng ein ikkje halvannan meter snø i Bjørneløypa før den kan nyttast.

Etterlengta: Arvid Hatledal i Turløyper Stryn har heller ikkje denne sommaren lege på latsida. Bjørneløypa er planert og drenert, og kan løypeleggast når første snøen kjem. Tidlegare måtte det over ein meter snø på plass, og ofte var det februar før løypa mellom Spjelkebu og Langhogen kunne takast i bruk. – Dette er noko eg er glad for å ha fått på plass, seier Hatledal i Turløyper Stryn. 

Nyhende

– No vil den bli ei av dei første løypene ein kan preparere når snøen kjem, og ein får ei veldig fin og variert rundløype opp til Langhogen og ned att Vikadalen til Tonningsetra og tilbake til Spjelkebu, seier Hatledal, og syner stolt fram resultatet etter mange timar i gravemaskina.Han har prøvd å gjere inngrepet så lite synleg som mogleg.