Kollisjon ved tunnel på Kvivsvegen:

Ein person omkom og to er alvorleg skadde

Alvorleg trafikkulykke i Austefjorden søndag.   Foto: Svein Aam/Møre-Nytt

Nyhende

Ei 62 gammal kvinne døydde søndag morgon av skadane ho fekk i ein front-mot-front- kollisjon på E39 ved Damfosstunnelen i Austefjorden i Volda. Kvinna var passasjer i eine av dei to involverte bilane, skriv politiet i ei pressemelding

To personar vart kritisk skadde i ulykka. Ein av dei er transportert til Ålesund sjukehus i luftambulanse. Den andre er transportert til Haukeland universitetssjukehus i Bergen saman med to personar som er alvorleg skadde. To personar er lettare skadde og vert behandla ved Volda sjukehus.

Meldinga om ulykka kom til politiets operasjonssentral klokka 09.03 søndag morgon og alle naudetatane rykte ut til staden.

Ulykka skjedde i ein slakk sving ca. 200 meter sør for tunnelinnslaget.

- Vegen var svært glatt på ulykkesstaden, seier innsatsleiar Geir Helge Ådneram til Møre-Nytt.

Sju personar var i bilane, og alle var over 18 år. Fem personar sat i den eine bilen og to i den andre.

Fem personar vert karakterisert som alvorleg skadde og to av dei lettare skadde. Dei skadde vart sende til sjukehusa i Førde og Ålesund. I tillegg til anna utrykningskøyretøy var også luftambulanse på ulykkesstaden med to helikopter.

Anbefalt omkøyring er via fylkesveg 5891 Fyrdsbergvegen til Straumshamn og riksveg 651, ifølge vegtrafikksentralen.

- Alternativt kan omkøyring via Rv 651 og ferjestrekninga Folkestad-Volda nyttast, melder vegvesenet.

- Vegen gjennom Kviven vert stengd lenge, opplyser politiet til Møre-Nytt.

Politiet opplyser også at krimteknikarar og ulykkesgruppa frå Statens vegvesen er på veg for å gjere undersøkingar.

SISTE:

Statens vegvesen melder klokka 12.39 at det no er opna for eit køyrefelt forbi ulykkesstaden. Men vegen vert stengd att om ei stund i samband med bilberging.

Det er manuell dirigering på staden.

Saka stod først på trykk i nettutgåva til Møre- Nytt.