Mållagsleiaren: – Nynorsken kjem godt ut av samanslåingane

Det går betre enn venta for nynorsken etter kommune- og fylkessamanslåingane, meiner Magne Aasbrenn, leiar for Noregs Mållag.

– Alt i alt så ser det ut til å komme på plass mange gode avtalar for nynorsken, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn.   Foto: Noregs Mållag

Nyhende

– Det er ikkje standardløysingar nokon stad, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn om korleis dei nye kommunane og fylka har løyst valet av målform frå første januar neste år.

I nye Ullensvang, Ålesund, Midt-Telemark, Sandnes, Stavanger og Molde kommune har dei tidlegare kommunane forskjellige målformer og må velje ei felles målform når dei blir slegne saman. Dersom dei ikkje tar eit val, blir den nye kommunen automatisk språknøytral.

På fylkesnivå gjeld det same for Viken fylkeskommune og nye Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Nynorsk i Ullensvang og Nye Ålesund

I Nye Ullensvang og Nye Ålesund har valet av felles målform så langt enda på nynorsk.

Målformnøytrale Odda blir slått saman med nynorskskrivande Jondal og Ullensvang til Nye Ullensvang kommune. Der vart det bestemt i intensjonsavtalen at målforma blir nynorsk. Saka skal opp i kommunestyremøte for den nye kommunen 7. november for å bli formelt vedtatt.

– Målforma har ikkje vore noko tema i fellesnemnda dei to åra ho har vore i drift. Eg har ikkje fått politisk signal om at nokon ønsker å ta opp igjen den saka, seier prosjektleiar for den nye kommunen, Ole-Jørgen Jondahl, til Nynorsk pressekontor.

At Odda kommune har ein tradisjon for nynorsk sjølv om kommunen er språkleg nøytral, bidreg til at saka ikkje har mykje merksemd i den nye kommunen. 64 prosent av elevane i grunnskolen hadde nynorsk som hovudmål skoleåret 2017–2018.

Strid i Ålesund

I Nye Ålesund har saka vore mykje debattert. Noverande Ålesund er språknøytral, og har nær 46.000 innbyggarar. Dei blir slått saman med dei mindre nynorskkommunane Sandøy, Skodje, Ørskog og Haram. Kvar av dei fire kommunane har under 5.000 innbyggarar.

I intensjonsavtalen for Nye Ålesund kommune frå juni 2017, vart det bestemt at nynorsk skal vere felles målform i tråd med eit sett med reglar dei har forma ut. Men det er så stor usemje i saka at det er venta ei ny avstemming, mest sannsynleg på kommunestyremøte 12. november eller 14. desember.

– Det som er sikkert, er at Høgre kjem til å fremje forslag om endring. Eg håper avstemminga i kommunestyret da vil vere i tråd med intensjonsavtalen, seier ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) til NPK.

Ho fortel at Ap, KrF, Mdg, SV, Venstre og Sp er venta å støtte vedtaket om nynorsk, og ho håper på støtte frå Raudt. I tillegg til Høgre, er Ålesundslista og Frp i mot.

– Det vil bli ganske «close race uansett», seier Aurdal, som opphavleg stemte for ein språknøytral storkommune fordi ho forstod at det ville bli mest populært i Ålesund. No ser ho gjerne at dei held på valet av nynorsk.

– Personleg synest eg det er ganske kult om vi blir den største nynorskkommunen i landet. Men eg må seie reaksjonane på heimebane har vore veldig sterke, seier Aurdal.

Ho legg til at ho synest det er litt dramatisk for nynorsken dersom den største byen i nærleiken av der Ivar Aasen heldt til, ikkje vil ha nynorsk.

Målbruksplan som kompromiss i Midt-Telemark

I Midt-Telemark kommune der Bø og Sauherad blir slått saman, er det bestemt i ein målbruksplan at nynorsk og bokmål skal vere likestilte målformer. Det skal vere likestilte skriftspråk i alle kommunale organ og einingar.

Det inneber blant anna at målformene skal vere om lag like mykje brukte i kommunale offentlege dokument. I målbruksplanen står det at rådmannen skal fremje sak om at kommunen ber om nynorsk i skriv frå statsorgan.

Dei nye kommunane Sandnes, Stavanger og Molde blir òg mest sannsynleg språknøytrale. I alle desse er minst ein av dei tidlegare kommunane nøytrale og ein kommune heilt eller delvis nynorsk.

Dei samanslåtte fylka

I Viken fylkeskommune og Vestfold og Telemark fylke er det uklart kva målval dei tar. Men i Viken, der nynorskbrukarane berre utgjer ein liten del av fylket, har fylkeskommunen skrive den politiske plattforma på både bokmål og nynorsk.

– I plattforma står det at dei skal utarbeide ein språkbruksplan som tek vare på dei språklege rettane til innbyggarane, og at dei skal sikre gode bruksvilkår for både nynorsk og bokmål. Det synest eg er veldig positivt, seier Aasbrenn.

I nye Vestland fylke der nynorskskrivande Sogn og Fjordane og Hordaland slår seg saman, har nynorsk vore eit klart val.

– Alt i alt så er det mange gode avtalar for nynorsken som ser ut til å komme på plass, og det synest vi er bra. Det står att å sjå korleis det blir i praksis, men ut ifrå det eg kjenner til, trur eg det kjem til å gå bra, seier Aasbrenn.

(©NPK)