Veten/Hardbagg/Stryn kjempar om KM-tittelen

Veten/Hardbagg/Stryn i klasse g13/14 kjempar om KM-tittelen.

Spennande: Veten/Hardbagg/Stryn: Trass 1–2 mot Svelgen i første kamp heime på Ålandsleite er Veten/Hardbagg/Stryn optimistar før returkampen på onsdag. På bildet ser vi bak f.v. Jon-Rune Heimlid, Hedda Sølvberg, Anders Fjellkårstad, Arnar Tøfte Heimlid, Rasmus Normann Hellevang, Sokrates Ullebø Hool, Eirik Tvinnereim, Jekabs Freimanis, Jonas Rand Hopland, Matias Sølvberg. Framme f.v. Peder Nyberg, Carl Breidablik, Tarjei Tøfte Heimlid, Abdulkadir Ahmed, Eirik Ulvedal.  Foto: Privat

Nyhende

Veten/Hardbagg og Stryn har eit samarbeidslag i småguteklassen. Dette er eit 7’ar-lag, som på imponerande vis har vunne si avdeling. Dei spelar difor dobbeltkamp mot Svelgen for gjere opp om kretsmeistertittelen. Laurdag var det klart for første akt, på legendariske Ålandsleite. Strålande haustvêr og mykje publikum sørga for ei flott ramme rundt kampen.