Tilrår å be om statlege midlar til fv 60

Fylkesrådmannen i Møre og Romsdal meiner fylket skal søkje om 9,6 millionar statlege kroner til reguleringsplan for fv 60 Tomasgård-Røyrhus bru.

Fylkesrådmannen vil be om statlege pengar for ferdigstilling av reguleringsplanen for ny fv 60.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I forslag til statsbudsjett sette regjeringa av ein pott på 100 millionar kroner til fylkesvegar med særleg stor næringstransport. Både kommunane og fylkeskommunen meiner fv 60 er svært viktig for den lokale verdiskapinga og eksporten av varer frå Sunnmøre. Vegen knyt næringslivet på Sunnmøre til E39 og vidare til Austlandet. I eit møte mellom fylkesrådmannen, Stranda og Hornindal kommunar 31. oktober, var partane samde om kor viktig vegen er, og at det er viktig å sende søknad om planleggingsmidlar så snart som mulig. Rådmannen tilrår å sende slik søknad når samferdsleutvalet skal handsame saka 11. november.