Nye Volda:

- Må spare 46,6 mill. på fire år

Rådmannen foreslår omfattande kutt i Volda tilsvarande 40 årsverk

Rådmann i Volda, Rune Sjurgard har lagt fram eit lite hyggeleg forslag til budsjett- og økonomiplan med omfattande kutt dei neste fire åra. Nedlegging av Austefjord skule og barnehage og auke i eigedomsskatten er blant føreslegne tiltak  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

- Det er med tungt hjerte at rådmann i Volda, Rune Sjurgard legg fram forslag til budsjett- og økonomiplan som foreslår store kutt dei neste fire åra.

Slik innleiast ei pressemelding frå Volda kommune om rådmannen sitt foreslegne budsjett- og økonomiplan for dei neste fire åra.

- År 2020 vil verte ein historisk milepåle, der «nye» Volda kommune omsider skal verte sett i drift. År 2020 vil samstundes verte eit år med krevjande, økonomiske prioriteringar. Samanlikna med i fjor får kommunesektoren om lag 3,8 mrd lågare vekst i frie inntekter som skatt og statlege rammetilskot. Sjølv om Volda kommune i 2020 får ein vekst på 15,2 mill, er ikkje dette nok til å dekkje lønsveksten, heiter det i pressemeldinga.

Det går fram at inntektene til flyktningar går ned med om lag 20 millionar kroner siste to åra samstundes som avdragsutgiftene og utgifter innanfor rettigheitsbaserte tenester innanfor oppvekst og pleie- og omsorg aukar.

- Mange av samanslåingskommunane melder at dei ikkje ser att gulrøtene som staten lokka med i kommunereforma. Samanslåinga vil gi økonomiske synergiar, men det vil ta nokre år før ein får full effekt, seier rådmann Rune Sjurgard.

Utgjer 40 årsverk

I løpet av det neste kalenderåret må kommunen redusere utgiftene med 10,2 mill. Innan utgangen av 2023 må det kuttast utgifter på totalt 46,6 mill.

- Det er svært lite ynskeleg å starte ein ny kommune med å foreslå kutt. Dette vil ramme mange og det skapar svært store utfordringar. Det går tungt inn på meg at vi må foreslå dramatiske tiltak for å ha balanse i økonomien, seier Sjurgard som fryktar nedbemanning.

- Om kutta i hovudsak skal takast på nedbemanning, utgjer det 40 årsverk i løpet av dei komande fire åra. Det mest dramatiske vil vere at tilsette vil måtte seiast opp dersom vi ikkje vi ikkje greier nedbemanninga ved naturleg avgang, seier Sjurgard.

Foreslår å legge ned Austefjord skule og barnehage

Rådmannen meiner Volda kommune som organisasjon må vere innstilt på å gå inn i ei formidabel omstilling dei komande åra for å kunne levere dei lovpålagde tenestene. Han meiner det må flyttast pengar frå barnehage- og skuledrifta til pleie- og omsorgstenestene som har veksande behov.

Mellom anna er Austefjorden skule og barnehage foreslått lagt ned. Vidare er det foreslått å feriestenge barnehagar og stengje begge symjehallane.

Det går fram av rådmannen sine føreslegne driftstiltak for perioden 2020-2023

- Vi må effektivisere og arbeide på nye måtar for å gjere meir med same eller mindre ressursar. Det krevst radikal tenking i nye måtar å organisere drifta på. I tillegg vert det også behov for å redusere nivået på tenestene gjennom direkte kutt, påpeikar Sjurgard.

Rådmannen er tydeleg på at situasjonen er så alvorleg at det ikkje er sikkert at kommunen har økonomi til å stette alle lovkrav.

Ifølgje Sjurgard hastar det med å dreie ressursar frå skule og barnehage med færre einingar og flytte ressursar i tenestetrappa til dei som har mest behov.

- Institusjonsplassane må reserverast til korttidspasientar, dei mest komplekse somatisk sjuke og pasientar med behov for skjerming. Det vil vere behov for redusere talet på heildøgnsbemanna omsorgsbustader og flytte ressursar til styrka tiltak i heimetenesta og rehabilitering. Men dette vil ikkje vere nok.

Ein kan ikkje forvente tenester på ein standard utover det som kommunen etter lova er plikta å yte, heiter det i skrivet.

Vil auke eigedomsskatten

Den høge gjelda gjer at kommunen ikkje har eit økonomisk handlingsrom til ny ungdomsskule, symjeanlegg og brannstasjon på Grodås. Det er derimot svært store bygningsmessige manglar ved desse anlegga, samstundes som symjeundervisning er lovpålagt.

Framtidige investeringar, utover ungdomsskule, symjeanlegg og brannstasjon, må derfor liggje under nivået på årlege avdrag – som vil vere under 45 mill. Ein konsekvens av dette vil vere at ein ser seg nøydde til å auke eigedomsskatten.

- Det vert nødvendig å føreslå at eigedomsskatten vert auka til 3 promille i 2022 og 4 promille i 2023 for å få plass til desse investeringane. Staten nyttar kommunane i utbygginga av velferdsstaten. Om lag 80 prosent av kommunebudsjettet går til velferdstenestene, forklarar Sjurgard.

I tillegg ynskjer Volda kommune også ha eit sterkt fokus på samfunnsutvikling.

- Volda kommune må vere med på klimadugnaden. For å ha positiv folketalsutvikling og rekruttering av kompetanse, bør vi leggje til rette for vekst i arbeidsplassar og bustadbygging. Det må gjerast prioriteringar om det skal gi seg utslag i faktisk handling, poengterer rådmannen som er klar på at den politiske og administrative leiinga har eit felles ansvar for å løyse dei økonomiske utfordringane som ligg føre.

- Kommunestyret må peike ut retninga

- Vi må bere det overordna ansvaret med å svare på kritikken som kjem med upopulære tiltak. Det vil oppstå mange interessekonfliktar der organisasjonen må stå i presset samtidig som ein skal ha fokus på godt arbeidsmiljø og levere gode tenester, seier Sjurgard.

I pressemeldinga presiserar han korleis prosessen med budsjetthandsaming bør gå føre seg:

- Administrasjonen si oppgåve er å kome med forslag. Kommunestyret må no peike ut retninga, kvar vi skal og gi administrasjonen tydeleg oppdrag for å gå opp retninga. Saman må vi halde kursen. Sjølv om det vil smerte, så har eg tru på at vi saman skal greie oppdraget, seier han.

Volda kommunestyre har sitt første møte med budsjett- og økonomiplanen på Hotel Alexandra i Loen torsdag.