Felles fylkesting for unge i Vestland

Slår seg saman til fylkesting for ungdom i Vestland: Oda Medhus, Eidfjord og Marthe T. Refsnes (t.v.), Florø, leiarar i kvar sine ungdomspolitiske utval i Hordaland og Sogn og Fjordane.  Foto: Vestland fylkeskommune

Nyhende

Fylkestinget for ungdom i Sogn og Fjordane og fylkestinget for ungdom i Hordaland har no slått seg saman til eit felles fylkesting for ungdom i Vestland.

– Vi ser på samanslåing og samarbeid som positivt. Vi blir større og får meir makt, seier ungdomspolitikarane Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus som til no har vore leiar i ungdommens fylkesutval i kvar sitt fylke. Teigen Refsnes i Sogn og Fjordane og Medhus i Hordaland. I helga slo dei seg saman til ein felles ungdomspolitisk organisasjon, fortel Vestland fylkeskommune på eigne nettsider. Sjølv om dei to ungdomspolitikarane er positive til samanslåing, meiner dei at det blir viktig å ta geografiske omsyn og ikkje berre få representantar frå Bergen og Førde.

Viktige saker framover blir mellom anna betre kollektivtilbod for ungdom i det nye fylket og desentralisert skuletilbod. (NPK)