– Bru Lote-Anda for mellom 2,4 og 3,7 mrd

Nordfjordbrua AS meiner det er realistisk å byggje bru Lote-Anda for ein prislapp på mellom 2,4 og 3,7 milliardar kroner.

Bru med sluse: Geir Kjersem frå LMG Marin presenterer flytebru med skipssluse som bruløysing Lote-Anda.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard/ Nordfjordbrua

Nyhende

Selskapa LMG Marin og Dr. Tech Olav Olsen la på eit møte i Gloppen nyleg fram det dei meiner er realistiske forslag til brukryssing Lote-Anda innanfor kostnadsramma.

Selskapa var på førehand plukka ut av styret i Nordfjordbrua blant sju aktuelle fagmiljø til å jobbe vidare med konsept for bruløysing.

Geir Kjersem frå LMG Marin i samarbeid med Multiconsult, Johs Holt med fleire presenterte to ulike alternativ for flytebru. Eitt alternativ er høgbru med integrert skipspassasje. Det andre er flytebru med skipssluse, fortel Nordfjordbrua AS i ei pressemelding.

Stein Atle Haugerud frå Dr. Tech Olav Olsen i samarbeid med Norconsult og Prodtex la fram eit alternativ med nedsenka rørtunnel som skipstrafikken kan gå over, og eit med flytebru med skipskanal.

Mellom 2,4 og 3,7 mrd.

Prosjektleiar og dagleg leiar for Nordfjordbrua Jan Olav Tryggestad la fram ein rapport frå Norconsult som viser at brua kan finansierast for mellom 2,4 og 3,7 milliardar kroner. Dette er lagt til grunn for arbeidet.

– Med løysinga med skipssluse vil det vere fullt mogleg å løyse dette med finansiering gjennom bompengar som følgje av ferjeavløysing. Prosjekta inneheld ikkje teknologiske problem vi ikkje allereie har løyst i Nordsjøen, seier Kjersem.


Brumøte: F.v. Jan Olav Tryggestad, Alfred Bjørlo, Svein Ottar Sandal, Geir Kjersem, Lars Svein Drabløs,Tommy Skjervold, Tore Roppen og Stein Atle Haugerud. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD/NORDFJORDBRUa  Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD/NORDFJORDBRUA

Dr. Tech Olav Olsen legg til grunn at ei bru med integrert skipspassasje må ha ei seglingshøgd på 75 meter for at cruiseskip skal kunne passere. Dette fagmiljøet har vurdert sju ulike krysningsalternativ, og konkludert med at to av dei kan løysast innanfor rammene.

– Vi har med nedsenka rørbru som eit alternativ. Det rimelegaste vil vere flytebru med skipskanal. Dette vil vere ei flat bru over heile fjorden med seglingshøgd på kring 18 meter på midten, der vanleg båttrafikk kan passere. Brua vil i tillegg kunne opnast for større skip.

Om lag 100 skip går inn fjorden årleg, det vil seie om lag 200 passeringar som vil kreve bruopning. Frå familjøet vart det antyda at ein slik skipskanal må vere 200-250 meter brei for at dei største cruiseskipa skal kunne passere.

– Alternativet er ferje til evig tid

Tryggestad seier brua er tenkt bygd med to køyrefelt, 80 km/t fartsgrense og tilrettelagt for gang og sykkelveg på sida.

– Det kostar 100 millionar årleg å drifte ferja Anda-Lote. I tillegg ser vi ein prisvekst. Eg fryktar vi sit på ei kostnadsbombe vi ikkje anar konsekvensen av. Nordfjordbrua vil vere eit bedriftsøkonomisk lønsamt infrastrukturtiltak. Det er eit potensielt sjølvfinansierande ferjeavløsyingsprosjekt på riksvegnettet som vil skape regional vekst. Alternativet er ferje til evig tid med dei kostnadene det vil medføre, seier Tryggestad.

Styreleiar i Nordfjordbrua, ordførar i Eid og nye Stad kommune Alfred Bjørlo, meiner Nordfjordbrua handlar om å ta ut potensialet i regionen.

– Vi har store verksemder på begge sider av fjorden i vekstbransjar. Vi har sterke verksemder og fagmiljø som satsar på grøn energi. Og vi har ei sterk satsing på reiseliv. Overalt er det utfordringar med å få tak i folk slik at vi kan greie å ta ut potensialet. Det er det Nordfjordbrua handlar om, det er ikke ein del av debatten om E39. Nordfjordbrua er eit klassisk ferjeavløysingsprosjekt over ein kort fjord på 1,8 kilometer, seier Bjørlo.

Statssekretær Tommy Skjervold i samferdsledepartementet var til stades på presentasjonen.

– Eg kan ikkje kome med nokon lovnader no, men eg er her for å få informasjon og innspel. Dette er informasjon eg tek med meg tilbake til departementet. Eg har vore på ferjekaia på Anda i dag, og eg har sjølvsagt forståing for ulempa det er at vegen berre er open tre gongar i timen. Slike prosjekt har ein tendens til å bli dyrare enn planlagt. Eg likar tankegangen med å nytte ny teknologi til å få ned kostnaden, for generelt må kostnaden til vegbygging ned, seier Skjervold, i følgje pressemeldinga frå Nordfjordbrua AS.