Flaumsikring av Vikaelva i Hornindal:

Prislapp: 10 mill. kroner

Flaumsikringa av Vikaelva på Grodås skal stå ferdig til sommaren, men E39-brua er enno ikkje på planleggingsstadiet. – Brua blir ein flaskehals, seier ordførar Stig Olav Lødemel.

i rute: Haugen Maskin AS, med (f.v.:) lærlingen Emil Aanundsen og maskinførar Stian Haugen gjer klart til støyping av HS Bygg. Flaumsikringa av Vikaelva skal vere ferdig til juni 2020. – Det er lite vassføring og gode arbeidsforhold, seier Haugen. 

Nyhende

Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) fortel at flaumsikringsarbeidet ved Vikaelva er i rute. No begynner støyping langs elva i regi av HS Bygg.