Glitrande Gospelshow i Olden Kyrkje

Full trøkk: Dyktige musikarar som har samarbeidd med artistane i ei årrekke.   Foto: Berit Melheim

Nyhende

Steven Ackles,Paal Flaata og Vidar Busk sin gospelturnè, stoppa i Olden sist torsdag. Basert på Elvis sine nær 80 gospelsongar som er utgitt, leverte dei tre artistane ein konsert det svinga av i den fullsette kyrkja.

Oh happy day: Det svinga verkeleg i Olden Kyrkje med Ackles,Flaata og Busk sitt gospelshow ilag med Olden Singers og Stårheim Songlag.  Foto: Berit Melheim

Dei to kora, Olden Singers og Stårheim Songlag gjorde ein flott innsats. Det vart ei mektig avslutning på konserten med nær femti korsongarar i tillegg til dei tre artistane som var i storform.

Meir om konserten i tysdagsavisa.