Hornindal Sanitetslag serverte lunsj til alle elevane på skulen

Hornindal Sanitetslag stilte i går opp og serverte lunsj til elevane på Hornindal skule, og dette fekk topp respons.

Godt tiltak: Undervisningsinspektør Martha Stensvand (midt i flokken) ser det positive i felles tiltak som skulelunsj for alle. Til venste er klassekontakt for 4. klasse, Kariann Naustdal som deler ut skulemjølk. 

Nyhende

– Dette er deilig. Niandeklassingane Torje Seljeset, Eilert Matvik Lillestøl og Martin Muldsvor uttaler dette unisont. Og dei er overtydde om at dette er noko alle ved skulen er samde om. Stemninga i kafelokalet synte også at elevar og tilsette forsynte seg godt av nysteikte rundstykke, grønsaker og mange påleggsvariantar.