Sjøørreten slit, no veit forskarane kvifor

Nesten halvparten av sjøørretbestandene er i dårleg tilstand. Lakselus er den klart største negative påverknaden, men òg landbruk, vasskraftregulering og vegbygging har stor negativ effekt.

Står dårleg til: Nesten halvparten av dei 430 vurderte sjøaurebestandane blei vurderte til å vere i dårleg eller svært dårleg tilstand.   Foto: Eva B. Thorstad

Nyhende

Tilstanden for 430 norske sjøaurebestandar har vorte vurdert av Vitskapleg råd for lakseforvalting.

– Dette er ein omfattande kartlegging av tilstanden og kva som påverkar sjøaurebestandar i Noreg, og den viser at det står dårleg til med mange av bestandane, seier Torbjørn Forseth, leiar i Vitskapleg råd for lakseforvalting, på rådet sine nettsider.

Berre 20 % av bestandane vart vurderte til å vere i god eller svært god tilstand (85 bestandar). Nesten halvparten av bestandane vart vurderte til å vera i dårleg eller svært dårleg tilstand (208 bestandar). Sjøaurebestandar på Vestlandet og Midt-Norge vart vurdert til å vere i dårlegast tilstand.

Lakselus endå større problem for sjøaure enn for laks

Vitskapsrådet har identifisert dei viktigaste truslane sjøauren står ovanfor, og kva for påverknader som må handterast dersom vi skal behalda sjøaurebestandar med eit haustbart overskot.

– Lakselus er den klart største negative faktoren, og det ser ut til at lakselus har ein sterkare negativ påverknad på sjøaure enn på laks, seier Forseth.

Vasskraftregulering, landbruk og vegbygging

Landbruksaktivitet, vasskraftregulering og samferdsel er også store negative påverknadsfaktorar.

– Dette har krympa produksjonsområda for sjøaure over lang tid, noko som kjem i tillegg til dårleg overleving i sjøen, fortel Forseth.

For fleire bestandar er også overbeskatning eit problem, og beslag gjort av Statens naturoppsyn tyder på ulovleg fiske kan bidra til for stor skattlegging.

– Ulovleg fiske utgjer ein god del av fisket, og er også ein påverknadsfaktor. Sjøauren er lenge i sjøen i fjordane eller nær kysten og er utsett for ulovleg garnfiske mange plassar, seier Forseth.

Mogleg å gjere noko

Frå Rogaland til godt opp i Nordland, vil det ikkje vera grunnlag for ordinært fiske viss det ikkje blir gjort noko med desse påverknadene.

– No veit vi kva problema for sjøaure er, og det går an å gjera noko med dei, avsluttar Eva Thorstad i vitskapsrådet.

Alle sjøaurebestandar skal etter kvart klassifiserast. I første omgang var målet å klassifisera sjøauren i dei 448 vassdraga der laksebestandar allereie er vurderte. Det var 430 av desse vassdraga som hadde sjølvreproduserande sjøaurebestandar, og det er desse som er klassifisert her.