Norges Fotballforbund:

Stryn T&IL vann Fair Play-prisen

Vann den høgthengande prisen blant fem nominerte klubbar i fylket

- Stas: Leiar av Stryn T&IL si fotballgruppe, Torstein Tvinnereim, tok imot prisen laurdag.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Fair play-prisen er ifølge Norges Fotballforbund "ei høgthengande utmerking som kvart år delast ut til ein klubb i kvar krets som har gjort seg særskild bemerka for sitt Fair play arbeid"

Prisen er 10.000 kroner og ein inngravert plakett som bevis på at vinnaren er kåra til beste klubb i sin krets. Prisen vart utdelt Stryn T&IL under Kretstinget sin festmiddag laurdag.

- Fair play prisen heng høgt så dette er stor stas, seier leiar i klubben si fotballgruppe, Torstein Tvinnereim som tok imot prisen.

Han fortel at Stryn har vore blant dei nominerte kvart år dei siste fem åra.

- Vi er stolte vinnarar av denne prisen og eg vil rette ei stor takk til alle i klubben som har gjort ein flott innsats på dette feltet siste året, seier Tvinnereim som rettar ekstra ros til klubben sitt Fair play-utval med Oddny-Kristin Drageset-Nøstvold i spissen.

"Alje med"

Stryn var ein av fem nominerte i sin krets saman med Eid IL, Vik IL, Selje IL og Eikefjord IL. I begrunninga for nominasjonen skriv NFF Sogn og Fjordane følgande om Stryn T&IL:

- Klubben har i lengre tid jobba godt og strukturert med Fair play og har eigne Fair play utval og inkluderingsutval som har særskild fokus på det haldningsskapande arbeidet. Visjonen til klubben er "Alje me'" og Stryn jobbar målbevisst for å få alle med i aktiviteten og arbeidet rundt klubben. Med Stryn United gir dei eit godt tilbod innan tilrettelagt fotball, og i samarbeid med Flyktningetenesta i kommunen har dei lyktes godt med integrering av flyktningar.
Ei eiga pensjonistgruppe i klubben deltek aktivt på arrangement i klubben og i "Alje me'"-turneringa som blir arrangert årleg blir alle i bygda (over 14 år) invitert til å stille lag. Heimekampar i senior (menn/damer) blir brukt til å dele ut Månadens Fair play til personar i klubben og gir fin publisitet til Fair play, heiter det i begrunninga.