Feira Hornindal, Bjørke og Volda som ny kommune:

Musikalsk festkveld med humor og vellåt

Torunn Lødemel Stokkeland som brubyggjar mellom folk i den nye kommunen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Festkvelden som markerte nye Volda kommune vart stor suksess. 800 menneske og dermed fullsett propellhall laurdag kveld fekk oppleve eit musikalsk program av høg kvalitet og stor spennvidde både i form og tilhørigheit i den nye kommunen.