Nasjonal markering av utvandringa til Amerika

I 2025 er det 200 år sidan den første norske organiserte utvandringa frå Norge til Amerika. Norsk utvandrermuseum på Ottestad ved Hamar har i den samanheng teke initiativ til ei brei nasjonal markering.

AMERIKAFARAR: Utvandringa til Amerika er ein viktig del av norsk historie. Her emigrantar som forlét Kysnesstranda i Jondal i Hardanger i 1906. Foto: Anders Beer Wilse / Nasjonalbiblioteket 

Dei 52 nordmennene som sette kursen mot Amerika i 1825 kom frå Rogaland og reiste ifølgje museumsdirektøren først og fremst av religiøse årsaker og fordi USA tilbydde religiøs fridom

Nyhende

Utgangspunktet for initiativet er seglskuta «Restauration» som i 1825 forlet Stavanger med 52 personar om bord med kurs for New York.