Tiltalte slapp fengselsstraff:

Saka låg hos politiet og jurist i over to år

Den tiltalte fekk kraftig strafferabatt fordi ei sak låg så lenge hos politi og påtalemakta at det er klart brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Klare brot: Sogn og Fjordane tingrett konkluderer med at politiet og påtalemakta sin seine sakshandsaming representerer eit klart brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein nordfjording møtte nyleg i Sogn og Fjordane tingrett, tiltalt for å ha truga med å drepe ein politibetjent og forsøke å sparke vedkomande i andletet. Hendinga skjedde då mannen i rusa tilstand vart teken hand om av politiet. Vedkomande var på veg heim frå ein utestad, men ikkje på fortau eller langs vegen. Tvert i mot gjekk han midt i vegbana og hindra trafikken. Då politiet kom, vart han aggressiv, truga med å drepe politibetjenten, for så å forsøke å sparke. Alvorlege handlingar som retten seier i utgangspunktet skulle føre til fengsel i 30 dagar.