Etterlyser vedtak om konsesjon

Matias Lunde etterlyser ei stadfesting frå kommunen på konsesjonen på garden han kjøpte for nær to år sidan.

Ventar framleis: Matias Lunde ventar framleis på konsesjonsvedtaket på garden han kjøpte i 2018.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Lunde kjøpte garden i mars 2018, men grunna usemje kring eigedomskjøpet kom det først eit vedtak frå Hornindal kommune i februar 2019 når det gjaldt konsesjon på garden. I konsesjonsvedtaket vart det derimot sett som vilkår at ein leigeavtale på jorda vart vidareført.