Høg vasstand - kan bli endå høgare onsdag

Oppstillingsplassen til Nordfjord Caravan var tysdag delt i to av vatnet. Onsdag kan vatnet bli endå høgare.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Faren er over for denne gong, men midt på dagen tysdag stod vatnet godt inn på parkeringsplassen ved Nordfjord Caravan og vatnet skvulpa og inn på trafikkarealet rundt bedriftene i Vikaleirane. Natt til onsdag og tidleg onsdag ettermiddag er det venta ny flaumtopp.

Vatnet stod høgt i Vikaleirane midt på dagen tysdag.  Foto: Bengt Flaten

NVE har varsla svært høg vannstand med oransje farevarsel, og opplyser at vatnet vil stå 70-80 cm over høgda oppgitt i tidevannstabellen. Vannstanden er venta å vere på det høgaste mellom klokka 01.00 og 03.00 natt til onsdag og mellom kl 13.00 og 15.00 onsdag ettermiddag. Publikum blir anbefalt å sikre verdigjenstandar i strandsona og sjekke fortøyning til båtar.