Nordfjord blant dei mest avslappande reisemåla i verda

Olden og Oldedalen sett frå Hoven (illustrasjonsbilde).  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Travel Leisure har sett Nordfjord på lista over dei 14 mest avslappande og rolege stadene i verda å reise til.

Magasinet skriv at i Nordfjord kan ein på ein tur på to timar oppleve både isbre, fjell, fjord og ope hav. Dei seier det er den perfekte staden å finne tilbake til naturen og roe ned. Det var NRK som først skreiv om saka.

Generelt om lista skriv Travel Leisure at stadene er perfekte å reise til når ein treng ein ferie utan stress, for å lade tomme batteri.

Nordfjord er i godt selskap med 13 andre avslappande destinasjonar. Blant anna er stranda Sanur på Bali, og den blå lagunen på Island òg med på lista.

Travel Leisure er eit reisemagasin med base i New York, og med over 4,8 millionar lesarar ifølgje magasinet sjølv.

(©NPK)