Reagerer på stor prisforskjell på medisin

– Eg trudde ikkje det var så stor prisforskjell på viktig medisin, seier Maskan.

Reagerer på medisinprisar: Moustafa Maskan reagerar på stor prisforskjell på same reseptfrie medisin ved Stryn sine to apotek.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Moustafa Maskan, busett i Hjelledalen, fortel Fjordingen at familien hans på sju vart råka av ein smittsam sjukdom for nokre månader sidan. Heile familien måtte behandlast og han gjekk til næraste apotek og kjøpte sju eksemplar av den reseptfrie medisinen som legen hadde anbefalt. Den kosta 475 kroner pr. stykk ved Vitus Apotek i Stryn.