Utsette søknad om forskottering av gang- og sykkelveg

Hovudutvalet for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune utsette denne veka søknaden om forskottering av gang- og sykkelveg Loen-Solvik/Rake.

Uforsvarleg: Det er tilnærma uforsvarleg å ferdast langs fv 60 på denne strekninga til fots eller på sykkel, skriv kommunen i søknaden.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Strekninga Loen-Solvik/Rake har lenge vore i fokus som svært trafikkfårleg for mjuke trafikantar, og Stryn kommune ønskjer å forskottere gang- og sykkelveg på denne strekninga. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sa nei til dette i sitt møte i oktober 2019, og argumenterte med at forskotteringa ikkje stetta fylkestinget sine retningslinjer for forskottering.