Tilbake på vinnarsporet

Stryn drog det lengste strået mot Vik i 4. divisjonsoppgjeret i handball søndag.

Strynesiger: Terese Vik Nygård og Stryn sine handballdamer vann eit jamt oppgjer mot Vik i Strynehallen.   Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Det starta jamt, og 20 minutt ut i 1. omgang var det framleis dødt løp mellom laga. Men eitt par scoringar frå Joanna Øvre-Flo og Rigmor Nesje gav heimelaget ei tremålsleiing. Men bortelaget, som kom rett frå kamp mot Eid, sette inn eit ekstra gir, og til pause stod det 12–12 på resultattavla.