Stryn jenter 16:

Slo serieleiaren

Siger over Gloppen: Bak f.v. Emma Njøten, Mia Kristiansen, Helene Reed Hopland, Thusika Velalakan, Vilde Flo Kandal, Amelia Teigum-Ytreeide, Karolina Nesje Hafsås, Svetlana Jalal. Framme f.v. Nora Olsen Skrede, Odina Ullebø Hool, Dorthea Tidemann Nesdal, Frida James Flo, Joanna Øvre-Flo, Marie Rekdal Johannsdottir.  Foto: Stryn handball

Nyhende

Stryn sitt jenter 16-lag i handball hadde besøk av serieleiar Gloppen onsdag kveld. Etter eit spennande oppgjer drog Stryn til slutt av med sigeren. Heimelaget tok også sin første siger for sesongen, medan Gloppen gjekk på sitt andre tap.

Laga følgde kvarandre gjennom store delar av 1. omgang, men Stryn viste effektivitet og gjekk til pause med 12-8 leiing.

Gloppen hadde likevel ikkje tenkt å gje seg, og fire mål før det var spelt tre minutt av 2. omgang gjorde at laga plutseleg var likt. Bortelaget var også oppe i ei tomålsleiing 10 minutt ut i omgangen før heimelaget vakna skikkeleg. Fem minutt før slutt var det Stryn som leia med to mål, og kampen stod å vippa då Gloppen reduserte til 20-19.

Fleire mål vart det ikkje, og strynejentene kunne sleppe jubelen laus.

Stryn sitt lag: Frida James Flo, Dorthea Tidemann Nesdal (målvakter), Svetlana Jalal, Amelia Teigum-Ytreeide, Mia Kristiansen, Thusika Velalakan, Emma Njøten, Helene Reed Hopland (1), Nora Olsen Skrede (2), Joanna Øvre-Flo (4), Marie Rekdal Johannsdottir (9), Vilde Flo Kandal, Karolina Nesje Hafsås (2), Odina Ullebø Hool (2).