iPad til elevar og lærarar

Alle elevane i 1. til 7. klasse ved Hornindal skule har fått iPad til bruk i undervisninga. Dei siste fire dagane har dei vore på intensivt kurs.

Ipad til alle: Alle elevane og lærarane i 1. - 7. klasse i Hornindal har fått iPad til bruk i undervisninga. No går alle i intensiv opplæring. F.v. Selma Hove Sollid, Oline Runde, Malin Muldsvor og Thea Hole Bakke. Bak Lene Nupen som er avdelingsleiar for skule Volda kommune.  Foto: Bengt Flaten

Vi gir iPad til alle som del av ein strategi i å tileigne seg digital kompetanse

Nyhende

Det er ikkje kvardagskost for elevar og lærarar å sitje på kurs og lære det same. Men akkurat slik har det vore på Hornindal skule siste dagane. Og lærar Anne Birthe Straumsheim Hofseth er ein av fleire som smiler når ho seier at elevane nok er raskare til å ta til seg kunnskapen enn lærarane.