Ingen gangveg til sesongstart

Nordfjord Havn IKS har avlyst anbodskonkurransen om bygging av gangveg fordi Stryn kommune og grunneigar enno ikkje har blitt samde. Mykje truleg vil Stryn kommune gå til ekspropriasjon, altså ta området med rettsleg tvang.

«Tippen»: Denne vesle kaia har vore ei av fleire utfordringar for å få til ei avtale om gangveg til Myklebustomta med Olden Cruisepark (bak). Grunneigar Endre og Dagfinn Muri (bildet) seier dei har forsøkt å kome til ei løysing med kommunen, men så langt er partane ikkje samde.   Foto: Roger Oldeide

Frivillig sal av eigedomen er ikkje aktuelt. Vi treng areal til å drive vår næring

Endre Muri
Nyhende

Gangvegen det er planar om, skal strekkje seg ca. 270 meter langs fjorden frå hamna til Olden cruisepark og knyte seg på eksisterande gangveg til Olden sentrum.