Norges Bondelag:

Lars Petter Bartnes går av som leiar

Lars Petter Bartnes går av som leiar i Norges Bondelag.  Foto: Hannah Kolås

Nyhende

Lars Petter Bartnes går av som leiar i Norges Bondelag. Han har vore leiar i interesseorganisasjonen for bønder sidan juni 2014.

Bartnes seier til Trønder-Avisa at tida er inne for eit leiarskifte.

– Eg har jobba i landbruket på nasjonalt nivå i nærare tjue år. No er tida inne for å vere meir på garden og vere gardbrukar. Livet er for kort til å vere lenger i Oslo no, seier han.

Bartnes blir sitjande til ein ny leiar blir vald på årsmøtet 10. og 11. juni på Lillehammer.

(©NPK)