UKM i Stryn:

- Møt folk med same lidenskap

Fristen for å melde seg på Ung Kultur Møtast (UKM) i Stryn kulturhus laurdag 8. februar, går ut fredag kveld.

– I UKM kan ein vise talent og møte folk med same lidenskap, seier Amund Max Brekke og Magdalena Kacperska i UKM-komiteen for Stryn.  Foto: Privat

Nyhende

– Påmeldingane tikkar inn, og vi håpar endå fleire melder seg på innan fristen fredag 24. januar. Veka før UKM blir det Pangstart med førebuingar og sosialt opplegg. I år samarbeider UKM Stryn med valfaget sal og scene på Stryn ungdomsskule. Dette er nytt av året, og er svært positivt for å få inn unge arrangørar i arrangementet, seier avd.leiar kultur Ingrid Heieren.

Andre kan og melde si interesse som unge arrangør, på lik linje med innslag på scena med musikk, dans, litteratur og teater, utstilling og media.

- Kvifor bør born og unge bli med på UKM?

- Ein kan vise fram talentet sitt, lære nye ting og møte folk med same lidenskap. Ein får også oppleve korleis det er å vere artist eller dansar, og overvinne sceneskrekk, seier elevane Magdalena Kacperska og Amund Max Brekke, som er med i årets UKM-komite.

Årets komité er Jannike Sunde (ung.kontakt), Ingrid Heieren (avd.leiar kultur), Kåre B. Alme (kulturhusleiar), Tone Vik (frivillig), Magdalena Kacperska og Amund Max Brekke (Stryn ungdomsskule og ungdomsrådet).

– Bli med, er oppfordringa deira! Påmelding er i løpet av fredag kveld.