Handballdamene møter Førde 2

Stryn møter Førde 2 på bortebane laurdag.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Stryn sitt 4. divisjonslag i handball for damer tek turen til Førdehuset for å møte Førde sitt 2. lag på laurdag.

Stryn står med fem sigrar, ein uavgjort og eitt tap på sine sju spelte kampar. Sist helg vart det 22–19 siger i ein jamn og spennande kamp mot Vik heime i Strynehallen.

Førde 2 på si side slit i botnen av tabellen, og står med berre ein siger på ni forsøk.


Tilbake på vinnarsporet

Stryn drog det lengste strået mot Vik i 4. divisjonsoppgjeret i handball søndag.