Veteranen viste veg

Ny siger: Terese Vik Nygård noterte seg for 9 mål mot Førde 2.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Veteranen på Stryn sitt 4. divisjonslag i handball, Terese Vik Nygård, viste veg då laget slo Førde 2 26-23 på bortebane laurdag. Med 9 mål vart Vik Nygård Stryn sin toppscorar.

For tredje kamp på rad stod det uavgjort til pause for Stryn, men i 2. omgang opparbeidde raudtrøyene seg etter kvart ei leiing på seks mål. Fem minutt før slutt var stillinga 26-20 til Stryn, og sjølv om Førde 2 fekk inn tre mål var sigeren aldri trua utover i omgangen.

- Det gjorde godt å vinne. 9 mål, det må vere personleg rekord, seier Terese Vik Nygård.

- Hadde de kontroll på kampen?

- Tidvis. Vi stressar litt innimellom, men alt i alt ein bra kamp av alle. Og Oda Therese (Nesje) stod veldig godt i mål! fortel Vik Nygård.

Stryn ligg no på 3. plass på tabellen. Komande helg møter laget Syril på heimebane.

Kampfakta

Førde 2-Stryn 23-26 (12-12)

Stryn sitt lag: Oda Therese Nesje, Emma Njøten (1), Ida Sønsterudbråten (2), June Roksvåg Leirgulen (2), Terese Vik Nygård (9), Thusika Velalakan (4), Marie Johannsdottir (5), Karolina Nesje Hafsås (2), Jenny Adina Fure, Helene Reed Hopland, Jenny Grov Kämpf (1).