Endrar ruta frå Utvik så det blir korrespondanse

Kringom endrar rutetida for ettermiddagsruta frå Utvik for å gje korrespondanse til ytre Nordfjord og Sunnmøre.

Kringom er kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane, drifta av Vestland fylkeskommune.  

Nyhende

Kringom er kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane som vert drifta av mobilitetseininga i Vestland fylkeskommune. Kringom står for drift av båt-, ferje-, og bussruter, rundt omkring i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Selskapet informerer no Stryn kommune om at rute 703, ettermiddagsbussen Utvik-Stryn får endra rutetid.

– Justeringa blir gjort for å gi korrespondanse med Vy sine ekspressbussavgangar frå Stryn mot Moløy og Volda/Ørsta/Ulsteinvik, skriv Kringom i orienteringa Stryn kommune.