Rv 15:

Såpeglatt vegbane - mista kontrollen og køyrde i grøfta

Bilen vart ståande i grøfta med fronten i motsett køyreretning etter utforkøyringa.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein kvinneleg førar i 40-åra slapp frå det utan skader etter ei utforkøyring på rv 15 tett ved krysset til Maursetvegen, laurdag kveld. Ulukka skjedde rett før kl 22.00.

På kort tid laurdagskvelden vart rv 15 mellom Kjøs bru og Skogstjerna forvandla til glasert vegbane, sjølv om gradestokken viste fleire plussgrader. Kvinna som køyrde retning Kjøs mista kontrollen på bilen rett før krysset til Maursetvegen, og køyrde i grøfta på høgre side av vegbana. Bilen vart ståande med fronten i motsett køyreretning. Politi, ambulanse og Hornindal brannvesen rykka ut til staden. I følgje politiet kunne ambulansepersonellet konstatere at kvinna var uskadd. Ho var åleine i bilen.

- Det var særs glatt på strekninga. Vi meldte frå til vegmeldingssentralen med ein gong vi kom til ulukkesstaden, og kort tid etter var saltbil på plass, opplyser politibetjent Jan Tore Sunde.

Vegen var sperra ei kort tid medan redningsbil fekk bilen opp frå grøfta.