Kjende tanntroll inntek kulturhuset

Søndag 16. februar blir det barneteater med Karius og Baktus i hovudrollene på scena i Stryn kulturhus.

Tanntrolla kjem: Karius og Baktus med Bakgården barnetetar kjem til Stryn kulturhus søndag 16. februar.  Foto: Bakgården barneteater

Nyhende

Bakgården Barneteater presenterer Thorbjørn Egners si kjende forteljing om tanntrolla Karius og Baktus, som har busett seg i munnen til Jens.

Jens er glad i søtsaker og hoppar ofte over tannpussen. Han har derfor fått eit hol som fungerar heilt ypparleg som hus for Karius og Baktus. Her leve tanntrolla godt og vert støtt og stadig servert favorittmaten sin: loff med sirup på! Dei syng songar og trallar medan dei hakkar og bankar i tanna for å få større plass. Men så får han vondt i tennene, og det blir ikkje like hyggeleg for Karius og Baktus.

Forestillinga er tradisjonell med nokre oppdaterte vriar som gjer den underhaldande for både små og store. Etterpå kan ein helse på skodespelarane.